Utleige av kyrkjelege lokale

Konsertar og andre arrangement i kyrkjene

Kvart år er det meir enn 30 konsertar i kyrkjene våre, i tillegg til andre arrangement.

Send søknad om leige til post.knarvik@kyrkja.no.

I mars tek vi stilling til søknader om leige i desember. Vi må ha våre eigne arrangement på plass før vi opnar for utleige.

 

Kyrkjekjellaren i Knarvik

Kyrkjekjellaren har fleire lyse og flotte rom til leige. Dåp, konfirmasjon, bryllaup, møter, bursdag eller andre små og store tilstellingar. Ta kontakt med kyrkjekontoret på post.knarvik@kyrkja.no for spørsmål om ledig kapasitet.

Sjå fleire opplysningar og foto: LES MEIR

Alversund kyrkjelydshus

Kyrkjelydshuset kan leigast til møte, selskap og andre arrangement. Sjå fleire opplysningar på www.kyrkjelydshuset.no. Du kan sende spørsmål til kyrkjelydshuset@gmail.com eller til post.knarvik@kyrkja.no.

Booking av konfirmasjonsselskap:

Mange spør om lokale mange år fram i tid. For kyrkjekjellaren i Knarvik og for Alversund kyrkjelydshus gjeld følgjande:

Lokale kan bestillast 3 år i forkant. 1. mars 2021 opnar vi for bestilling i 2024. Før 1. mars tek vi imot bestillingar fortløpande og har loddtrekking første arbeidsdag etter 1. mars.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"