Pengane og livet

Det er ein samanheng mellom pengane og Gud. Søndag 28. februar handlar det om gjevarteneste på gudstenesta i Melandkyrkja.

Pengane og livet

Kyrkjelyden i Meland har ei fast gjevarteneste der det kjem inn litt over 320 000 kroner i året. Pengane er til hjelp for arbeidet i kyrkjelyden på fleire måtar. Dei gjer det mogleg å driva Møteplassen i Frekhaug senter, og dei støttar barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Ungdomsarbeidar Ruben Sæle får delar av løna si frå desse innsamla midlane. På gudstenesta blir han intervjua om arbeidet sitt for konfirmantar og ungdommar i kyrkjelyden.

Jan Rantrud talar om gjevarteneste. Teologen Rantrud er kjent for sin kjennskap til Midtausten og kunnskap om Bibelen, for sin grøne teologi – og for sine ofte uvante innfallsvinklar.

Gudstenesta byrjar kl. 11.00, og det er nattverd. Jentene i ungdomskantoriet Octavia syng. I tillegg til søndagsskulen Løvegjengen, har ungdomsarbeidar Ruben eit eige opplegg for ungdommane i Gapahuken ovanfor kyrkja. Under gudstenesta blir det gitt ein presentasjon av gjevartenesta i Meland kyrkjelyd.

Det er heilt i orden å koma til kyrkja utan pengar.

Det er heilt i orden å gå igjen utan pengar.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"