Onsdagsklubben møtast annakvar onsdag i oddetalsveker kl 1730-1830. Ei vanleg samling ser slik ut:
- Velkommen, registrering
- Samling med bibelforteljing
- Noko å ete/drikke
- Leik/aktivitetar
Vi ønskjer at Onsdagsklubben kan vere ein plass der barn får ha det kjekt i lag i ei trygg ramme der dei får lære gode verdiar for livet. Samstundes kan vaksne naboar møtast og bli betre kjent. Det er ingen aldersgrense, men den korte samlinga med bibelforteljing vil vere tilpassa barn under skulealder.
Onsdagsklubben er eit samarbeid mellom Meland kyrkjelyd og Frekhaug indremisjon, og er tilknytta Søndagsskolen Norge.