Diakoni

Tru, håp og handling

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom

  • nestekjærleik
  • inkluderande fellesskap
  • vern om skaparverket 
  • kampen for rettferd

Plan for diakoni, 2007.

Diakoni er forankra i den kristne trua på den treeinige Gud. Gud skapte og skapar, frelser og fornyer menneske og heile skaparverket. Menneske er skapt i Guds bilete til å vere medmenneske. Alle menneske er overgjeven kvarandre, og er avhengige av kvarandre og av jorda. Ingen lever av seg sjølve eller for seg sjølve. I kraft av skapelsen er alle menneske sitt oppdrag å forvalte skaparverket og leve i nestekjærleik med kvarandre. 

Teksten om den miskunnsame Samaritan i Lukas 10, 25-37 er ei av grunnforteljingane vårt i kristen tru. Den utfordrar oss til å vise nestekjærleik, og å spørje oss kven vår neste er. 

I kyrkja på Radøy ønskjer me å møte menneske, der dei er, i ulike livsfasar og situasjonar. Menneske treng kvarandre, og me trur at fellesskapet er ein viktig ressurs. 

Diakon i Radøy er Gudveig Kartveit Sundsbø.

Radøy har eit eige diakoniutval (Utval for diakoni og misjon), med leiar Marta Hvidtsten. 

Jesus seier: "For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg."

Matt 25,35-36

Kontakt