Fusa kyrkjeblad kjem ut med seks eksemplar i året, der du kvar gong kan finna ei andakt, eit intervju med ein person frå soknet, og kyrkjetider framover - samt mykje anna stoff om kva som hender eller har hend i kyrkjelyden. Bladet vert trykt av Norheimsund Trykkeri AS, og redaksjonen består av soknerådsleiar Roald Samnøy, kyrkjeverje Harald Geir Sæther, og intervjuar Ole Bjørn Eikeland.
Her på sida kan du finna digitale versjonar av kyrkjebladet frå og med 2019. Bladet vert elles send ut til postkassar i heile Fusa. Om du ikkje har motteke bladet, eller om du ynskjer å få det tilsend, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret.