Mange av tinga på trusopplæringsplanen i Fusa er ting du berre får oppleva ein gong, eller som kun er ope for bornet i eitt år av livet deira. Men me har òg faste grupper med ulike mål, som er tilrettelagde for ulike interessefelt.
Me har òg ulike korgrupper, som du kan lesa meir om på korsida vår. Kora strekk seg frå barnehagealder og heilt ut i tenåra.
Friluftsklubben Noah er eit tilbod for gutar mellom 5. og 8. klasse, som samlast på fredagar og har mange typar aktivitetar ute i det fri. Om du ynskjer meir informasjon om gruppa, eller å melda deg på, kan du ta kontakt med Ernst Ove Indrebø på telefon 414 51 801.
For tweens (5.-8. klasse) har me òg KLUBBEN, som du kan lesa meir om på ungdomssida. KLUBBEN er open aktivitetsklubb som held til på Eikelandsosen bedehus.