Dagens bibelord

Lukas 21,27–36

27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» 29 Så fortalde han dei ei likning:«Sjå på fikentreet og alle andre tre! 30 Når lauvet sprett, då veit de av dykk sjølve at sommaren er nær. 31 Like eins veit de at Guds rike er nær når de ser at dette hender. 32 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå. 34 Ta dykk i vare og lat ikkje hjartet dykkar bli sløva av rangel og drikk og sorgene i dagleglivet, så den dagen kjem like uventa på dykk 35 som ei snare. For den dagen skal koma over alle som bur på jorda. 36 Vak kvar tid og stund og be om styrke til å koma velberga frå alt det som skal henda, og bli ståande framfor Menneskesonen.»