Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Til konfirmantkullet 2019-20 i Giske, Vigra, Godøy og Valderøy sokn med foreldre/føresette

Vi inviterer til informasjonsmøte i kyrkjene våre ons. 5. juni og tors.6.juni :

Valderøy kyrkje: onsdag 5.juni 2019 kl 19

Vigra kyrkje: torsdag 6. juni 2019 kl 18.00

Giske kyrkje: torsdag 6. juni 2019 kl 19.30 (for Godøy- og Giske- konfirmantar)

Nokre viktige datoar framover:

Presentasjonsgudstenester

Godøy: 1. september 2019 kl. 11.00

Giske: 1. september 2019 kl 13.00

Valderøy: 8. september 2019 kl 11.00

Vigra: 15. september 2019 kl 11.00

Konfirmasjon 2020

Vigra: 25. og 26. april

Valderøy: 2. og 3. mai

Giske: 2. og 3. mai

Godøy: 9. eller 10.

mai

Påmelding til konfirmasjon

Påmelding skjer digitalt. Skjemaet blir lagt ut her når det er klart.

Oppstart av undervisning

Vi startar undervisninga rundt 1. september. Tidene blir sendt ut når vi får samla inn påmeldingane.

Leir

Merk at det blir leir for konfirmantar frå Vigra, Giske og Godøy på Kjeldsund 7. og 8. september. For Valderøy blir konfirmantleiren 14. og 15. september på Brusdalsheimen. Det er heilt avgjerande at vi får med nok foreldre for at desse leirane skal bli gjennomførte.

Konfirmasjonsavgift

På informasjonsmøtet vil det bli gitt opplysning om kva fakturaen vil lyde på.

Ansvarleg prest

Geir Sakseid har ansvaret for konfirmantar frå Giske, Godøy og Vigra.

André Sjåvåg har ansvar for konfirmantar frå Valderøya.

Med håp om ei fin konfirmasjonstid.

Venleg helsing

André Sjåvåg: mob. 90184254, epost ansj@giske.kommune.no

Geir Sakseid: mob. 91325568, epost gesa@giske.kommune.no