Tal frammøtte ved tenester i kyrkjene. Oppdatert 19. juni

Vi er no godt i gang med gudstenester og andre kyrkjelege tenester i kyrkjene våre. Frå 15. juni har regjeringa opna for inntil 200 deltakarar, men i praksis er det diverre ikkje plass til så mange i kyrkjene våre når vi skal halde 1 meter avstand mellom enkeltpersonar/ husstandar.

Vi fylgjer den oppdaterte smittevernrettleiaren for kyrkja og det gjeld same reglar for gudstenester, vigsel, dåpsgudstenester og gravferd. Hovudendringa frå 15. juni er at inntil 200 personar (men i praksis langt færre) kan delta på arrangement i kyrkjene våre, så lenge alle kan halde minst ein meter avstand. Før var grensa 50 personar.

I mange av kyrkjene (særleg dei største) kan vi no romme ein del fleire, medan dei små kyrkjene framleis har ei grense på ca 30 personar. Det er opna for bruk av salmebøker att, så lenge det går minst eitt døger mellom kvar bruk.

Vi går ikkje ut med konkrete tal for dei enkelte kyrkjene, fordi tal personar det er plass til, vil variere kraftig ut frå kor mange enkeltpersonar, par eller fleire frå same husstand som kjem. (På ein benk der det er plass til berre to enkeltpersonar med ein meter avstand, kan det til dømes vere plass til fem personar frå same husstand). Vi har no målt lengda på benkene i alle kyrkjene våre, og veit dermed kva konstellasjonar det er plass til på kvar benk, slik at vi kan utnytte plassen best mogeleg. Alt etter langde kan det til dømes vere plass til 1+1+1, 1+2, 3+2, 2+2+2 eller 5 frå same husstand. Vi kan berre nytte annankvar benk. 

Gudstenester

Ved dei fleste gudstenester vil det no vere plass til alle som vil kome, så du er velkomen til gudsteneste i sommar! Her vil vi plassere folk effektivt på benkene med 1 meter avstand mellom kvar husstand etter kvart som dei kjem i kyrkja, og så må vi eventuelt setje stopp dersom det skulle verte fullt ut frå gjeldande reglar.

NB! Vi må framleis registrere alle som kjem i kyrkja. Dersom du har med deg skjema med namn på alle i din husstand og eit mobilnummer til ein i familien, så sparar vi tid og unngår kø ved inngangen.

Dåp

Det er no opna for dåp i samband med enkelte gudstenester, men i samband med korona-situasjonen har vi framleis eigne dåpsgudstenester. .

Ved dåpsgudstenester der ein veit kven som vert gjester, vil vi be om at familien sender lister over personar til kyrkjekontoret, med opplysningar om kor mange som høyrer til same husstand. Når det er fleire personar frå same husstand som kan sitje i lag, kan vi fylle opp benkene og få plass til langt fleire enn dersom det kjem enkeltpersonar, samstundes som vi held 1-metersregelen . Dåpspåmeldinga finn du HER. 

Vigsel

Ved vigsler der familiane veit kven som vert gjester vil vi be om at de sender lister over personar til kyrkjekontoret, med opplysningar om kor mange som høyrer til same husstand. Når det er fleire personar frå same husstand som kan sitje i lag, kan vi fylle opp benkene og få plass til langt fleire enn dersom det kjem enkeltpersonar, samstundes som vi held 1-metersregelen. Paret vil så få ei tilbakemelding om vi finn rom for alle på lista.

Gravferd

Ved gravferd kan det i fleire kyrkjer vere aktuelt å opne for fleire enn næraste familie. Dette vert vurdert i samråd med pårørande i kvart enkelt tilfelle. Også ved gravferd, vil vi be om at pårørande sender lister til kyrkjekontoret over personar ein veit vil kome, med opplysningar om kor mange som høyrer til same husstand. Dermed kan desse plasserast best mogeleg på benker og vi kan få eit betre inntrykk over kor mange andre det er plass til. 

Sjå også råd og retningslinjer frå Bjørgvin bispedøme.oppdatert 30. oktober.

Trusopplæring og diakoni

Det er no også utarbeidd ein smittevernrettleiar for arbeid blant born og unge. Informasjon om når samlingar knytt til trusopplæring kan starte opp att vert lagt ut når det er avgjort. På nettsidene våre under "Born og Unge" kan du finne tips og ressursar til heimeaktivitetar.

Når det gjeld diakoni, sjå denne artikkelen frå heimesida vår. Her står det også kontaktinfo dersom du ynskjer samtale eller kontakt med prest eller diakon. 

Smittevernet ved verksemd i Den norske kyrkja byggjer på fem hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikke delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutiner for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogeleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltek.
  5. Tilstrekkeleg bemanning.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"