Diakoni i Hjelme og Blomvåg sokn

Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja: "Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste".

Ellen Ebbesvik er diakonimedarbeidar.

Kyrkja driv eit diakonalt arbeid i kommunen, på ulike område: treff, besøksteneste, innvandrararbeid via Frivillighetssentralen, gjennom «Språksprell». Me har samarbeid med nabokommunane i prostiet. Me arrangerer temakveldar, sorg/samtalegrupper, og samlivskurs. Mange frivillige er med i denne tenesta.

Treffa finn stad i Hjelme kyrkje 2. torsdag kvar månad kl. 11.00-13.00, og på Tednebakkane omsorgsenter 2. tysdag kvar månad kl. 16.30. Ofte har me gjestar utanfrå kommunen som bidreg med program.

Me har det triveleg ilag, med song, andakt, og underhaldning.

Besøkstenesta  er viktig. Mange menneske er mykje åleine, og treng nokon å snakka med innimellom. Då kan dei ta kontakt med diakonimedarbeidaren eller kyrkjekontoret. Me har også nokre frivillige som er med i denne tenesta som du kan få besøk av. Kanskje er det DU som skal vera med på dette? Me treng fleire frivillige, så berre ta kontakt!

For å styrke fellesskapet i kyrkjelyden og for å samle alle generasjonar arrangerer vi kyrkjetaco med andakt. Dette er eit lågterskel tilbod og me ønskjer alle velkommen, både dei som vanlegvis går i kyrkja og dei som ikke pleier å gå i kyrkja.