Besøksven

I Hjelme og Blomvåg sokn er det frivillige besøksvener som har tid og lyst å besøke folk i kyrkjelydane våre.

Besøksven

Vil du ha besøk?

Vi veit at det ikkje er alle som like lett kjem seg ut og kan delta i fellesskapet. Det kan då vere kjekt med ein besøksven som kan kome heim til deg. Vi tilbyr:
-Besøk i heimen ein time annakvar veke i eitt år om gongen.
-Ein samtalepartner som har tid til å lytte, og som har teieplikt.

Dersom du ynskjer besøk, eller har spørsmål rundt dette, så ta kontakt med kyrkjekontoret ved Ellen Ebbesvik, telefon: 924 42 881

Vil du vere besøksvenn?

Frivillige besøksvener vil gå på besøk til folk i kyrkjelyden som ynskjer at nokon kjem innom. Besøksvenen går på besøk til ein person ca. ein time annakvar veke etter avtale. Avtalen varer eitt år, men kan forlengjast om begge partar ynskjer det. Besøksvenen er eit medmenneske, ein samtalepartner som har tid til å lytte. Opplæring blir gitt, og alle besøksvenene får ein kontaktperson i diakoniuvalet som fylgjer dei opp. Besøksvenen må skrive under teieplikt. Som besøksven representerer du kyrkjelydane i Hjelme og Blomvåg sokn.

Dersom du vil vite meir om denne tenesta så ta kontakt med kyrkjekontoret ved Ellen Ebbesvik på telefon: 924 42 881.


«Det du har gjort mot en av mine minste, det har du gjort mot meg.»
Matt. 25,40

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"