Landro kyrkje på Landro vart vigsla 11. desember 1977, over hundre år etter at vi fekk Fjell kyrkje slik den står i dag. Men, allereie i 1923 vart Landro bedehus vigsla til kyrkjeleg bruk, noko som fortel oss at folk i nordre delen av Fjell har venta lenge på eit eiga gudshus.
Kyrkja er bygd som ei "sentralkyrkje"- kjenneteikna av at alle sidene er like lange som i eit kvadrat- eit symbol på at kyrkja rommer heile verda. Kvadratet som form går igjen i interiøret i kyrkja; alteret - døypefonten – preikestolen. Alterveggen er bygd opp i småstein, og symboliserer menneska i kyrkja.
Adresse:
Landrovegen 250
5363 Ågotnes