I år markerast "Kva er viktig for deg? - dagen for niande år på rad. Kampanja oppfordrar helsepersonell men også andre som arbeidar og er i kontakt med menneske til å stille eit enkelt, men viktig spørsmål. Å flytte oppmerksomheita frå "Kva er i vegen med deg?" til "Kva er viktig for deg"? kan bidra til at ein får til ein retningsendring i helsevesenet og hos andre aktørar. Aktiv deltaking i utforminga av eigne mål aukar motivasjon og styrkar mestring.
"What matters to you?" har blitt ein internasjonal bevegelse. Initiativet til å markere denne dagen kom i Gode pasientforløps læringsnettverk. Men det er ein nyttig kampanje også for Den Norske kyrkja og elles andre som arbeidar med menneske.
Dagen blir markert i kommunar og sjukehus over heile landet. Gode pasientforløp arrangerar webinar frå kl. 11.00-12.00. Helse- og omsorgsministeren vil komme med ei helsing på webinaret.