The road is long
With many a winding turn
That leads us to who knows where
Who knows where
But I'm strong
Strong enough to carry him
He ain't heavy, he's my brother
So on we go
His welfare is of my concern
No burden is he to bear
We'll get there
For I know
He would not encumber me
He ain't heavy, he's my brother
If I'm laden at all
I'm laden with sadness
That everyone's heart
Isn't filled with the gladness
Of love for one another
It's a long, long road
From which…
Låtskrivarar: Bob Russell / Bobby Scott The Hollies
Vi er i byrjinga på den stille veka; veka frå måndag etter Palmesøndag til og med Påskeaftan. «Den stille veka» høyres kanskje merkeleg ut akkurat i år?! Etter mange stille veker med Korona-smitte mellom oss. Mange er permitert og mange har vore i karantene. Ungane har vore heime frå barnehage og skule. Livet har vore annleis! På vegar og i sentrum har det vore mykje mindre trafikk. Og vi har alle halde avstand til kvarandre; minst ein meter sa dei fyrst, sidan har det vel vorte sagt at det er best om det er halvannan eller to meter mellom oss når vi møtast ute eller på jobb, for dei av oss som er så heldige å kunne gå til jobb i desse tider!
Mange av oss har vore mindre sosiale og kanskje høyrt meir på radioen eller sett på Tv`n i desse dagane. Ein gamal slager frå mi ungdomstid, som eg høyrde for nokre dagar sidan, gav meg nokre tankar eg vil dela med dykk (teksta står over):
«Han er ikkje tung, han er bror min» - den strofa har vore i mitt minne frå fyrste gongen eg høyrde songen. Du kan sjå for deg bilete av den vesle jenta som ber bror sin på ryggen. Flyktningar som ber kvarandre og tek vare på kvarandre i ei vanskeleg verd. Men i tida no kan dette godt vera ein illustrasjon på kva vi bør gjera. Ikkje fysisk bera kvarandre – hald avstand/ vask hender/ host i papir eller innsida av albogen – dei råda skal vi alle følgje – og det er nettopp når vi gjer det at vi ber bror vår eller syster vår – det vil seie – gjer alt for at ikkje koronasmitta skal gjere fleire sjuke.
I ein kyrkjeleg setting kan vi godt legge til «den gylne regelen» - slik vi finn den i vår bibel:
12 «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, det skal også de gjere mot dei». Matt 7,12
For det er slik hjå oss som det vert sagt i songen: «Hans velferd er min bekymring» Eg trur vi skal byte ordet bekymring med ordet omsorg – hans velferd er avhengig av min og din omsorg! Vår felles omsorg.
«Det er ein lang, lang veg»…….å gå, slik det ser ut no. I kyrkjene er alle gudstenester avlyst. Vi veit pr no ikkje kva framtida vil gje oss i den situasjonen vi er i, så vi må berre gjere som våre myndigheiter seier fram til nye signal kjem. Uansett – om vegen framover med koronavirus blir lang: Eitt står fast:
«Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står». Frå Matt 28,20
Det er Jesu ord til oss!
Også i den stille veka, då han gjekk mot kors og død, så var det for vår skuld han gjekk den vegen. Ikkje berre for vår «velferd» gjorde han det, men for vår frelse!