Vatn for nytt liv, og nye byrjingar

I denne teksta, tek sokneprest Irmelin Grimstad Bonden for seg kva som skjedde, den kvelden.

Altertavle frå Lom stavkyrkje frå 1669. Innramminga er frå 1721, av treskjerar Jakop Seterdalen. Foto: Britt Agnethe Enemo

Johannes 13, 12: ”Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?”  

Takkar med handvask

Reinheit har fått ei heilt ny tyding den siste tida. No vaskar vi hender til dei blir tørre og såre kvar dag, for å stoppe denne forferdeleg smittsame sjukdomen. Verda er sett på vent. Men ikkje heile verda. Der er nokon som må jobbe på meir enn nokon sinne. For å berge liv. For å ta kloke avgjerder, så vi andre skal kjenne oss trygge. Dei ofrar mykje for oss. Og vi forsøker å svare med vår dugnad, takke dei med samhald i form av handvask og avstand.  

Skjærtorsdag har fått namnet sitt frå ordet «skir» som betyr rein. Og i dag har vi høyrt om Jesus som vaskar. Vaskar skitne mannfolkføter reine. 

Tenaren er ikkje større enn Herren sin, sa Jesus då. Han ville gi læresveinane og oss eit forbilde. Så han bøygde seg ned, løyste opp sandalreimane til læresveinane sine og vaska beina deira. «Det er ekkelt» sa konfirmantane då dei høyrde om det. Vi kan lett førestille oss at det ikkje var eit delikat syn. Møkka mellom tærne og dei sprukne, tørre hælane. Brune render under tåneglene. Kanskje lukt også? Sånn ser eg det for meg. Vi har ikkje tatt opp denne skikken i kyrkja. Men pave Frans brukar denne symbolhandlinga kvar påske, for å vise at Guds kjærleik er for alle menneske. Så paven går inn i eit fengsel, eller til tiggarane i Roma og innvandrarane, han kneler ned og vaskar bein. Og vi kjenner at det rører oss.  

Nattverden må vente

Jesus vaskar bein. Kanskje er det nettopp det ekle og så gjenkjennelege ved det, som talar så sterkt til oss. Dette er jo ingen jobb for Jesus! Han, den heilage og Guds utvalde. Og nettopp difor forkynner fotvaskinga kjernen i heile påskebodskapen. At den evige og store Gud bøyer seg så langt ned som det går an å kome, for å løfte menneska opp.  

Den kvelden var dei samla til minnemåltid om då Gud frelste folket frå slaveriet i Egypt. Dei hadde ete salte urter til minne om folket sine tårer i Egypt, og alt det andre som høyrer med til det jødiske påskemåltidet. Så – i tillegg til å knele ned og vaske skitne bein, rekker han dei brød og vin, og legg ein ny dimensjon til påskemåltidet deira. «Dette er min kropp og mitt blod”, sa han ”Et og drikk dette til minne om meg». Til minne om Jesus som ofra alt, blir brød og vin delt ut i kyrkjene på skjærtorsdag. Og resten av året. 

Kjærleiken som overvinn alt

Men ikkje i år. Ikkje no. Nattverden må vente. Slik klemmane og handtrykka og det fysiske fellesskapet må vente. Så er påska avlyst i år? Står påska på vent også? Nei, langt ifrå. Jesus let seg aldri stanse av stengte dører, sjukdom eller fare. I motsetnad til oss, som synest det er vanskeleg både å hjelpe og å bli hjelpte, så bøyer han seg ned og er nær menneska. I all vår bekymring og maktesløyse er han alltid like nær. Også til det som byr oss imot, kjem Jesus nær med hendene sine. Det vi vil gøyme bort og det vi kjenner skam over. Det velsignar han og vaskar reint.  

Vatnet er for nytt liv og nye byrjingar. Brødet og vinen er påminningar om livet som vinn over døden. Måltidet, og fellesskapet takkar vi for her i dag. No lengtar vi etter det. Men sjølv om så mange ting skaper avstand og utryggheit, så er vi eitt i trua på Kristus, og på kjærleiken som kan overvinne alt.  

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"