Informasjon og bestilling av vigsel
Du kan avtala tid for vigsel i både i Ytre Arna kyrkje og i kyrkjene i dei andre kyrkjene i Bergen digitalt. Du kan bestilla dag og tidspunkt både for i år og for neste år.
Les merBryllaup er ei viktig hending. Midt i all festivitas står to som har felles visjonar og mål for livet.
Ekteskapsinngåing eller vigsel er ei offentleg handling og kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. I nærvere av vitne gjev dei to kvarandre løfte om at dei vil leva saman resten av livet. Ein godkjend vigselsperson skal gjera kunnig at ekteskapet er gyldig.
Framleis gifter halvparten av alle par seg i kyrkja, den andre halvparten gifter seg borgarleg.
Informasjon om korleis du bestiller vigsel i Ytre Arna kyrkje eller i ei anna av kyrkjene i Bergen, finn du nedanfor.
Meir informasjon og praktiske råd til deg som planlegg bryllaup i kyrkja, finst i lenkjene under. Par som er borgarleg vigde, kan i tillegg ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert
Settings for this website / Location -> "Allow"