Informasjon og bestilling av vigsel

Du kan avtala tid for vigsel i både i Ytre Arna kyrkje og i kyrkjene i dei andre kyrkjene i Bergen digitalt. Du kan bestilla dag og tidspunkt både for i år og for neste år.

Informasjon og bestilling av vigsel

Sjå tilgjengelege tidspunkt for vigsel og send bestilling på Bergen kirkelige fellesråd (medarbeideren.no).

Merk at det berre er mogleg å avtala vigsler for i år og neste år.

Alle kan gifta seg i kyrkja. Den norske kyrkja gjennomfører òg vigsel av likekjønna, og forbøn for par som har gifta seg borgarleg.

 

Meir informasjon

Kirketorget, tlf. 55 59 32 10, kirketorget.bergen@kyrkja.no eller kyrkja/kyrkjelyden der du skal gifta deg.

 

Stad for vigsel

Vil de gifta dykk andre stader enn i ei av dei kyrkjene som kjem opp i lista når de skal reservera, tek de kontakt med Kirketorget.

 

Prest

Presten vil kontakta dykk i god tid før vigselen. Dersom de ynskjer ein bestemt prest, kan de sjølve snakka med henne eller han og høyra om ho eller han har høve til å via dykk. De kan spørja alle som er ordinerte prestar i Den norske kyrkja, men denne presten må då søkja soknepresten i den kyrkja det gjeld, om å få gjennomføra vigselen.

 

Kostar det noko?

Det er gratis for medlemmer i Den norske kyrkja å gifta seg i kyrkja der ein bur. For andre kan det vera kostnader.

 

Skjema for søknad om ekteskap

Å gifta seg er ei offentleg handling og må godkjennast av styresmaktene. De kan fylla ut skjemaa elektronisk eller på papir. På skatteetaten.no finn du "Veien til ekteskapet - steg for steg - Skatteetaten".

De må levera prøvingsattesten  til kyrkja seinast 2 veker før vigselen, og attesten kan vera høgst 4 måndader gammal den dagen de skal gifta dykk. 

Du kan levera prøvingsattesten på ein av desse måtane:

 

Vigselssamtale

Føremålet med vigselssamtalen er at presten kan bli litt betre kjend med brudeparet. Ein snakkar litt om vegen til ekteskapet og vegen vidare. I vigselssamtalen drøftar ein òg det praktiske rundt vigselen, salmar, bibeltekstar, musikk osb. Kanskje ynskjer organisten òg ein samtale for snakka med dykk om det musikalske i vigselen; det er litt ulikt frå organist til organist.

 

Korleis føregår vigselen?

Bryllaupsgjester eller andre kan delta med musikalske innslag, tekstlesing, andre høvelege kulturelle innslag eller liknande. Dette må de avklara med prest og organist.

Dersom de ynskjer songark, syter de sjølve for å laga og trykkja det. Vil sleppa dette arbeidet, kan me bruka salmebøkene.

Det er sett av høgst éin time til vigselen.

Velkomen!

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"