Diakon

Ein diakon jobbar tett på menneske i alle aldrar og frå ulike miljø. I dette yrket vil arbeidskvardagen vere full av kontrastar.

Som leiar av omsorgsarbeidet i kyrkjelyden arbeider du kvar dag med at folk blir sett og inkludert, både i gudstenesta, i det kontinuerlege barne- og ungdomsarbeidet, i trusopplæring og elles i lokalsamfunnet. Du har ansvar for sorggrupper for etterletne eller for menneske som opplever samlivsbrot, organiserer kvardagsmiddagar i kyrkjelyden eller kafétilbod for ungdom. Du leier forbøn under gudstenesta og deler ut nattverd.

Givande brubyggarverksemd
Klima og miljø er viktige tema i ein diakon sitt arbeid. Ein diakon står midt i oppdraget med å jobbe for ei meir rettferdig verd. Lokale behov endrar seg, og då kan du vere med på å utvikle nye tilbod, til dømes når flyktningar flyttar til bygda. Dette gjer du gjerne i samarbeid med friviljuge organisasjonar og kommunale instansar. På den måten fungerer du som brubyggar mellom lokalkyrkja og lokalsamfunnet. Det blir mange samtalar i løpet av veka, til dømes uformelt på ei lokal pilegrimsvandring eller i avtalte sjelesorgsamtalar. Ved å sørge for at kyrkja er synleg til stades på lokale institusjoner sikrar du retten til at menneske får utøve trua si og livssynet sitt også i sårbare livssituasjoner.

Kan dette høyrest overveldande ut? Du står ikkje åleine i arbeidet, men jobbar side om side med presten, kateketen, kantoren og dei andre tilsette. Du samarbeider med friviljuge og med ulike organisasjonar. Kanskje ønsker du deg å jobbe litt mer spesialisert? Kjært barn har mange namn: ungdomsdiakon, institusjonsdiakon, sjømannsdiakon, studentdiakon, kystdiakon, gatediakon. Moglegheitene er mange, både i inn- og utland.

(Foto: Jarle Hagen Studio)