Korleis bli diakon?

For å bli diakon må du ha ein mastergrad som bygger på ein bachelorgrad innanfor pedagogikk, helsefag eller sosialfag.

Mastergraden må innehalde minst 30 studiepoeng kristendomskunnskap og praktisk-kyrkjeleg utdanning med hovudvekt på diakoni, tilsvarande minst 30 studiepoeng. Her inngår også rettleia praksis som diakon.

Anna relevant kompetanse
Dersom du har anna relevant utdanning eller praksis, kan du søke Kyrkjerådet om å bli godkjent for å bli vigsla til diakon. Kyrkjerådet sine vilkår for å bli vurdert er at søkaren må ha minst femårig utdanning på masternivå eller tilsvarande, og at innhaldet i utdanninga er relevant for diakontenesta. I tillegg til dette treng du kristendomskunnskap (30 studiepoeng) og praktisk-diakonal utdanning (30 studiepoeng), i eller utanfor mastergraden.