Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bjørgvin bispedøme 950 år

Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

Festgudstenesta, «Seljumannamessa», tek til kl. 11.30 og blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preika. Andre medverkande er blant andre biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.

Frå Selja til Bjørgvin

Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune.  Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja var blitt det fyrste kraftsenteret i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Les meir om historia og om Bjørgvin bispedøme i dag ved å følgja lenkene nede på sida.

Kongeleg besøk

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet.

Konsertar i Selje kyrkje 7. og 8. juli

Laurdag 7. juli kl. 18.00
Medverkande : Bergen domkor dirigert av Kjetil Almenning, Line Dybedal og Helgenkoret, Jon Inge Sigerland og fleire lokale krefter. 

Sundag 8. juli kl. 15.30       
Konsert med gospelkvartetten Drops, Anne Liv Kverneland Hodne, Unni Bosnes Eltvik, Jon Inge Sigerland og lokale krefter.

Billettar kr 200 kan kjøpast ved inngangen - førehandssal i alle butikkar i kommunen og ved e-post til roald.halsoer@coop.no. Born har fri adgang.

Praktisk informasjon og billettar til Selja

Billettar, som inkluderer båttransport til og frå Selja, kan du kjøpe frå 5. juni på ticketmaster.no

Fyrste båt frå Selje til øya Selja startar kl. 09.30.Siste båt går kl. 10.30 frå Selje sentrum. Ver tidleg ute.  

Overfarten tar ca 10 min.

Arrangementet er ferdig ca kl. 14:30 

Klostervågen vil bli stengt for private fartøy mellom 09:00  - 16:00

Første båt frå Bø har avgang 14:30 (prioritert reisande med Nordfjordekspressen sørover)

Siste båt frå Bø har avgang 15:30

Fottøy:

Det er ca 20 min lett gange frå Bø til Klosteranlegget. Hugs godt fottøy, då det kan være glatt og fuktig på stien.

Dersom du ikkje kan koma deg fram til fots og difor treng transport rett til Klostervågen, meld det direkte til Selje kommune v/ post@selje.kommune.no           telefon: 57 85 85 00

Informasjon om overnatting :

https://selje.kommune.no/portal-opplev-selje/overnatting/ 

Har du spørsmål, kontakt:

Selje kommune – Servicekontoret – telefon 57 85 85 00

Bjørgvin bispedøme: Ragna Sofie Grung Moe 952 77 371

Kontaktinformasjon for Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin biskop og bispedømeråd Strandgaten 198 Postboks 1960, Nordnes 5817 Bergen

Telefon: 55 30 64 70
E-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no
Org.nr: 818 066 872
kontonr. 2801.45.98164 - merk alle innbetalingar med ref. 270 + forklarande tekst

Kontortid: 08.30-15.00 Telefontid: 09.00-14.30