Biskop Ingeborg Midttømme sin nynorsk-salme: "Det strøymer ei livselv av lukke" ♫

Den nynorske salmen lever i mange, frå vogge til grav - og er ein stor rikdom. Møre bispedøme markerer 150 år med nynorsk salmar med å utfordre kjende personar til å dele sin salme. Først ut er biskop Ingeborg Midttømme, som har valt salmen "Det strøymer ei livselv av lukke".

– Nynorske salmar er ein stor rikdom for mange. Salmane lever i den enkelte av oss, i familiar og i bygder. Den nynorske salmen er noko stort å få vekse inn i, og den følgjer oss heile livet, seier biskop Ingeborg Midttømme.

SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme

Feiring av den nynorske salmetradisjonen

Biskopen har valt ein av songane til diktaren Trygve Bjerkrheim: Det strøymer ei livselv av lukke. Biskopen fortel sjølv kvifor denne salmen er viktig for henne:

Det strøymer ei livselv av lukke,
av glede fordi eg er til.
Guds bilete fikk eg til gåva,
og aldri han gløyma meg vil.
Eg lever, og alltid skal leva
ved han som leid døden for meg,
men sprengde dei gravlekkjer svære,
og opna til livslandet veg.

Ja, Kristus er kjelda, den klåre,
eit havdjup av fryd og av fred.
Vel blenkjer det stundom ei tåre,
men livsvona atter meg gled.
Snart gryr det ein æveleg morgon,
og då skal eg verta han lik.
Det strøymer ei livselv av lukke, –
min Gud, eg er endelaust rik.

T: Trygve Bjerkrheim 1957
M: Ragnar Ørstavik 1959
Norsk Salmebok nr. 584

 

Biskop Midttømme utfordrar konstituert fylkesmann Rigmor Brøste til å dele sin salme.

 

SALMESTAFETTEN i Møre bispedøme

Feiring av den nynorske salmetradisjonen

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"