Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konst. fylkesmann Rigmor Brøste sin nynorsk-salme: "Den fattige Gud" ♫

Den nynorske salmen lever i mange, frå vogge til grav - og er ein stor rikdom. Møre bispedøme markerer 150 år med nynorsk salmar med å utfordre kjende personar til å dele sin salme. Konst. fylkesmann Rigmor Brøste deler sin salme: "Den fattige Gud"

– Eg vel ut ei nynorsk salme som har sterke røtter frå Møre om Romsdal; frå Surnadal og Fræna. Henning Sommerro og Edvard Hoem har sidan 70-tallet utgjort ein skapande kunstnarduo som står bak ein imponerande produksjon av salmar og viser med forankring i det bibelske univers og verdsbildet frå vår eiga tid. Edvard Hoem har 11 salmar i den nye salmeboka. Han seier om seg sjølv at han er ein diktar som også skriv salmar. Historia rundt Den fattige Gud, fortalt av Edvard sjølv:

"Det er ein eller annan stad i dette landskapet at mi eiga salmeskriving begynner, i den latinamerikanske frigjeringsteologien, som vart ein så vesentleg faktor i mitt liv frå begynnelsen av 1980-talet, da eg uhyre langsamt begynte å nærme seg kristendommen igjen, etter ti og femten år – i eit åndeleg eksil da eg ikkje sette mine bein i ei kyrkje. Tilfeldig eller styrt, det var i alle fall songlærarinna fru Klovning på Sandviken skole i Bergen, der den yngste son min gjekk, som sa til han, Henrik, at han måtte få far sin til å skrive ein song som dei kunne bruke i klassen før jul. På denne tida hadde eg rett nok begynt å interessere meg for frigjeringsteologi og svart teologi, men om nokon hadde spurt om eg var kristen, ville eg ha svart nei. Men ein seier jo ikkje nei til ein slik forespørsel, og dermed vart eg salmediktar mot min vilje, i ein naivistisk sjanger som eg ikkje hadde prøvd før, og eg kalla salmen for Den fattige Gud, som var like radikalt da som no i ein teologisk samanheng, Gud var ikkje berre ein Gud for dei fattige, han var sjølv fattig.”

I ei verd med store skilnader er denne salmen ei viktig påminning. FN har lansert 17 berekraftmål, som er verda si felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Mål nr. 1 handlar om å utrydde alle former for fattigdom i heile verda!

Kontaktinformasjon for Møre bispedømeråd - Møre biskop

Besøksadresse:

Moldetrappa 1 - Molde

Åpningstider:

Mandag-fredag 
kl. 08.30-15.30

 

Fakturaadresse:
Den norske kyrkja

v/Møre bispedøme
Scanningsentralen

Rjukan Næringspark

3660 Rjukan

 

EHF-id./org.nr: 818 066 872

Postadresse:

Møre bispedømeråd

Moldetrappa 1

6415 MOLDE

E-post: more.bdr@kyrkja.no

Tlf: 71 25 06 70

Telefontider:

Mandag-fredag

kl. 09.00-15.00

Ansvarleg redaktør:

Bjørn Olaf Storhaug

Nettredaktør:

Svein Magne Harnes

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"