Aktivitetar for barn

Babysong

Har du ein liten i alderen 0-2 år?   
Velkomen til ei koseleg stund med song, musikk, bevegelse og rytme. Me samlast måndagar frå kl. 10.30-12.30. Etter sangstunda blir det leik og prat. Ta gjerne med matpakke, vi serverer kaffi, te, kjeks og frukt.

Barnekor i Knarvik kyrkje

Knøttekoret frå 2-3 år t.o.m 1. klasse
Knøttekoret øver annakvar veke onsdag 17.30-18.15.
Koret har eit variert sangutval og skjelpadda Shelly er ofte med på øvingane.
Dei som er for store for Knøttekoret, er velkomne til SingSingeling i Alversund.

Barnekor i Alversund kyrkjelydshus

Solstrålen
For born mellom 3 og 5 år.
Koret øver annankvar onsdag kl. 17.00-17.45.

SingSingeling
For 1.-3. klasse. 
Koret øver onsdagar kl. 18.15-19.15.

Sing Out
For 4.–7. klasse.  
Koret øver onsdagar kl. 19.15-20.15.

Alversund KFUK-KFUM-speidere

Stifinnarane, 3.—4. klasse, overnattar ute ein gong i månaden.
Vandrarane, 5.-10. klasse, har møter på kyrkjelydshuset annankvar torsdag og drar i tillegg på turar.

 

Leikerom

I Tårnrommet i Knarvik kyrkje er det leiker og teiknesaker som dei yngste barna kan bruke saman med foreldre eller andre vaksne under gudstenesta.
I Seim kyrkje er det laga til leikeplass bak i kyrkjerommet.

Søndagsskule og Juniorgruppe i Knarvik kyrkje

Ca ein gong i månaden vert det eiga samling for barn (t.o.m. 2. kl.) og juniorar (f.o.m. 3. kl.). Alle startar i kyrkjerommet og barna/juniorane går til eiga samling litt ut i gudstenesta. Sestemsterplanen finn du under.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"