Kontakt - kyrkjeblad for Meland

Fire gonger i året kjem kyrkjebladet ut, og det blir levert ut til alle husstander. Har du ikkje fått det, finn du også bladet som pdf nedanfor. Vil du støtte bladet med ei gåve, send den til kontonummeret vårt (sjå nederst på nettsida - merk gåva Kontakt). Eller Vipps til nr. 59301.

Kontakt nr 1. 2017.

Vil du bidra til at vi framleis kan fortelje om stort og smått i Meland gjennom kyrkjebladet Kontakt?

Vi veit at bladet når svært langt ut - lengre enn noko anna vi i kyrkjelyden gjer, det blir spreidd til alle husstandar, er populært og etterspurt og ein verdifull reiskap. Kontakt er avhengig av gåver og annonser for å bli drive vidare. Vi har diverre sett ein nedgang i inntekter dei siste åra.

Vil du støtte bladet med ei gåve, send den til kontonummeret vårt (sjå nederst - merk gåva Kontakt). Eller Vipps til nr. 59301. Har du lyst å annonsere - ta kontakt med kyrkjekontoret. Prisar frå kr 625 pr nummer, 2500 for eitt år. 

Alle  blada har lokalt særpreg. Dei midterste sidene er fellesstoff, medan dei ytterste blada er lokalstoff. Den lokale redaksjonen består no av  Solveig Westermoen og Anne Sofie Uthaug. Ansvarleg redaktør for dei tre blada er Øystein Skauge. 

Bladet vert distribuert ved frivillige. Har du ikkje fått bladet i posten, vil vi gjerne ha melding på epost eller telefon.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"