Kyrkja ligg nydeleg til på ei lita høgd ved Skiftedalsvatnet på Foldnes, og med den fekk også folket på Litle-Sotra "si" kyrkje, som dei hadde jobba for å få realisert i over 20 år.
Kyrkja er ei moderne arbeidskyrkje som er tilrettelagt for dei mange forskjellige aktivitetane og arbeidsoppgåvene som kyrkja vår i dag rommer. Plasseringa av kyrkja på eit fjell tek oss attende i bibelhistorien der vi mellom anna høyrer om steintavlene som Moses fekk på Sinaifjellet, misjonsbefalinga som Jesu disiplar fekk på ei høgd ved byen Tiberias ved Genesaretsjøen, og dei mange templa som vart bygd på høgdene.
Kyrkja er utvendig halden i jordfargar, medan fargane inne er i kvitt og blått. Alterveggen er prega av eit stort kors i farga glas, som lyset utanfrå gjer til eit vakkert skue.
Adresse:
Austre skiftedalsvegen 25
5353 Straume