Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Interiøret

Dei som hadde bygd kyrkja, hadde også fått laga interiør som passa til huset. Mange av desse verdfulle og uerstattelege tinga kan vel ha kome bort eller blitt øydelagde under forfallstida. Men ikkje alt.

Ved Historisk Museum i Bergen er der ei figurgruppe av tre som i dag er halden for å vere av det mest verdfulle av norsk kyrkjekunst og skulptur frå mellomalderen. Figurgruppa er Kristus, jomfru Maria og evangelisten Johannes, og har stått på korveggen mot skipet. Dr. philos. Robert Kloster tidfester gruppa til ca. år 1200, og skriv m. a.: "... det beherskede uttrykk, den fornemme ro, er i et arbeide som Giskegruppen, ikke mindre edelt enn i det beste av samtidens europeiske kultur..."

I høve 850-årsjubileet som vart høgtida i 1985 fekk Giske kyrkje ein kopi av korsfestingsgruppa og denne heng no på sørveggen over den gamle hovedinngangen. Kopien var ei gåve frå Historisk Museum i Bergen.

Museet i Bergen har også eit anna skulpturverk frå Giskekyrkja. Det er eit altarskåp med ei madonna som hovedfigur. Fløydørene og baldakinen manglar, men elles er skåpet uvanleg godt bevart. Maria er kledd som dronning, og i overdådig prakt. Det er stemning, glede og glans over denne Maria. Samanlikna med figurgruppa merkar ein motsetnaden mellom det seinromanske strenge og klassiske - og høg gotikkens hoffkunst. Dr. Kloster tidfestar dette skåpet til første halvdel av 1300-åra - som eit kulturverk frå den siste sjølstendige perioden i vår mellomalder. Figurgruppa var i kyrkja underforfallstida, og vart send til Bergen så seint som i 1848. Alt hundre år tidlegare fekk kyrkja nytt interiør.

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"