Restaurering

År 1756 vart kyrkja restaurert på ein måte som reiste henne til "fordums makt og verdighet".

Restaurering

Det var presten Hans Strøm og dåverande eigar til Giske, Hans Holtermann, som stod føre dette arbeidet. Det nye interiøret er laga av ein bonde frå Giske, Jacob Sørensen Giske-Gaard, eller Tavle Jacob som han vart kalla. Denne Tavle Jacob var ein stor bygdekunstnar. Han var berre 22 år gamal då han skar ut altartavla o. a. i Giskekyrkja. Han brukte in " ljåkniv" når han arbeidde. Heile fem kyrkjer på Sunnmøre og ei i Romsdal har altartavler som er laga av Jacob. Tavla på Giske var den første. Figurane har ei klår bibelsk forkynning - som rett nok er enkel - men likevel gripande. Legg merke til vinpersa i altarringdøra, der Kristus står krumbøygd under den tunge persebommen (Jesaja 63,3). Figurane på preikestolen er og laga av Tavle Jacob, og det er også han som har vore meister for målinga. Han må ha vore like flink med målarpenselen som med kniven. Under restaureringsarbeidet i 1756 var det sett inn tre nye vundauge, to på nordveggen i skipet og eit på nordsida av korveggen. Dei som stod føre dette arbeidet hadde pietet nok til å gjere det i stil med dei opphavelege små vindauga, som vart ståande urørde. Kyrkja sitt andlet vart såleis ikkje vesentleg endre. Til minne om denne restaureringa heng det i kyrkja ei tavle med latinsk tekst.

År 1860 Slik stod kyrkja fram til år 1860, då eigarane fann ut at dei ville "reparere"" henne. Endå det var godt meint, vart reparasjonen eigarane til lita ære. Kormuren vart fjerna, og opninga gjort like breid som koret. Døra mot nord vart mura att, og det vart sett inn ei dør på austveggen. Dei gamle vindauga og døropningane vart utvida. Både altartavla og preikestolen vart kvitmåla, og veggane innvendig var gipsa. Ein del av treskurden hamna på loftet og i kjellaren.

I år 1930 vart det ei ny restaurering av interiøret - og då i samarbeid med riksantikvaren. Altartavla ogpreikestolen vartfargerestaurert, og heile interiøret stemt saman til den vakre fargeharmonien vi ser i dag. Den gamle altarringdøra vart sett på plassen sin, og det gamle døypefatet (frå 1707) vart teke i bruk att. Lysekrunå som heng i taket, er frå første del av 1700-åra, og ein vakkert dekorert altarduk frå år 1688.

I 1953 vart golvet oppteke og kjellaren rydda opp. Det står fleire kister med balsamerte lik under koret, og nokre hadde teke skade av stein som truleg hadde falle ned under arbeidet i 1860. Reparasjonen i 1756 redda kyrkja for komande slekter frå forfallet, så den atter "frelst kunne synge Guds pris,,, slik det står på det latinske epitafium til minne om dette arbeidet. Det folkelege interiøret som set sitt preg på kyrkja i dag, står vel i motsetning til sjølve huset og den tidsperiode det representerar. Men begge har sin store kulturhistoriske verdi, og kyrkja er rekna for ein av kulturheilagdomane i landet.

I løpet av 1973/74 vart det gjennomført ein grundig reparasjon, eller om ein vil - ei ny restaurering av kyrkja. Det vart og reist ein klokkestøpul over inngangsporten på nordsida av kyrkjegarden. Kyrkjeklokka som før hang på loftet i kyrkja, vart no flytt ut i støpulen som har automatisk ringesystem. Heile kyrkjebygget, murer, vegger, tak og golv m. m. vart sett i stand. Det gamle golvet der borda er "topprot" vart teke opp slik at ein fekk rydda opp under golvet og lagt nye golvplankar m. m. der dette trongs. Det vart sett inn doble vindu, og taket vart ordna og lemmen isolert. Veggane innvendig vart skrapa og kalka oppatt. Benkane og ein del andre treflater vart oppattmåla. På utsida hadde murane ein del skader. Murane vart fuga og istandsett rundt heile bygget. Ytre vegger i våpenhuset og heile vestveggen på kyrkjebygget hadde eit sementbelegg som vart fjerna slik at steinen kom fram igjen. Tregolvet i våpenhuset var rote, og her vart det lagt skifergolv. Det vart sett opp ny trapp for å vinne plass. I vindauget vart sett inn glasmåleri (Olav den Heilage) og to gamle lamper som ein fann på loftet vart ordna og sett opp i våpenhuset. Heile det elektriske anlegget i kyrkja vart utskift. Det vart sett inn nye lampetter og ein lyskrans over den gamle lysekruna. Den gamle alterduken vart restaurert, det vart lagt skinn på altarring, preikestol og kneleskammel. Interiøret elles vart sett i stand og preparert. Ein eldre stol i rokkokkostil vart restaurert, og ein ny stol i same stil vart gitt som gåve slik at der vart to like stolar. Det var eit altomfattande arbeid, alt utført etter nøye samråd med riksantikvaren. Eit arbeid som skulle utførast slik at ein minst muleg endra ved kyrkja slik ho såg utfør. Deler av den profilerte marmorlista rundt veggane utvendig vart restaurert til 850- årsjubileet i 1985.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"