Bøneveka for kristen einskap

18-25. januar blir Bøneveka for kristen einskap markert i kyrkjer over heile verda. Du kan delta heilt enkelt akkurat der du er. Bli med!

Bøneveka for kristen einskap

Den er kvart år frå 18-25. januar, og har blitt markert sidan 1908. Det er Kirkenes Verdensråd og Det pavelige råd til fremme av kristen enhet som i fellesskap står bak bønneuka, og Norges kristne råd koordinerer veka i Noreg.

Tema i år er Ver i min kjærleik, og de skal bera mykje frukt. (sml. Joh. 15,5-9). Det er laga eit bøneopplegg utifrå Joh. 15,1-17 som vi vil invitere til å bli med på. Då ber vi om det same saman med andre i vår kyrkje og med mange kristne i heile verda. Det er fint å tenkje på når lever med dei begrensningane som koronaen påfører oss.

Fokus denne veka er å kome nærare Jesus. Viss vi alle kjem nærare han, kjem vi også automatisk nærare kvarandre. Så å søkje han i fellesskap er det beste vi kan gjere for å byggje einskap mellom kristne.

Under finn du ei lenkje til kvar dag i bøneveka, der du finn eit kort bibelstudieopplegg og ein kort film. I filmen får du høve til å meditere over dagens vers, i tillegg til at du kan vere med på å be for ulike sider ved lokalsamfunnet vårt for kvar dag. I vedlegget under finn du eit bibelstudieopplegg om du ønskjer å gå endå meir inn i teksten.

Du kan også følgje Norges kristne råd sine gudstenester på facebook kvar kveld denne veka, og du kan lese meir om Bøneveka for kristen einskap i lenkjene under. 

 

Kortversjon av bøneopplegget:

Bøneopplegget er tenkt som ein meditasjon over eit enkelt vers for kvar dag. Les verset fleire gonger, og be Jesus om å vise seg for deg gjennom det og snakke til deg. Lytt til Jesus, sjølv om han er stille. Då kan de vere stille i lag. Skriv gjerne verset på ein lapp og ha den i lomma den dagen, eller pugg det.

Første dag: Kalt av Gud.
«De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk» (Joh 15,16a)

Andre dag: Indre modning.
«Ver i meg, så er eg i dykk» (Joh 15,4a)

Tredje dag: Danne ein kropp.
«De skal elske kvarandre som eg har elska dykk». (Joh 15,12b)

Fjerde dag: Be saman.
«Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger. Eg kallar dykk vener». (Joh 15,15)

Femte dag: Forvandla av Ordet.
«De er alt reine på grunn av ordet …» (Joh 15,3)

Sjette dag: Ta imot andre.
«Gå og ber frukt, ei frukt som varer». (Joh 15,16b)

Sjuande dag: Vokse i einskap.
«Eg er vintreet, de er greinene». (Joh 15,5a)

Åttande dag: Forsoning med skaparverket.
«Så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkommen» (Joh 15,11)

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"